torsdag 12. juli 2012

HIPP HURRA for våre to sommerbarn!


På søndag var det nydelig sommervær og vi hadde eit veldig velykka hageselskap der vi feira våre to julibarn. Kameraet ville ikkje vere med den dagen, så eg fekk dessverre berre eit dårlig bilde som dykk kan sjå heilt til slutt i dette innlegget. Dei andre bilda er fra dagen til Lukas som var i går. Då feira vi litt berre vi fire.

 feira 

Eg brukte opp igjen noko av pynten som vart brukt på søndag, så det er ein variert fargeskala sidan vi feira Lukas og Nora i lag.


Heimelaga vimplar i en kopp. Enkelt og dekorativt.
Traktorserviettane var midt i blinken til både Lukas og Nora, då begge er særs glad i traktorar:)
Dei er kjøpt på kremmerhuset og finns i både grønt og rosa.


Tenk at Lukas allereie er 5 år! Det går så alt for fort!
Syns ikkje det er lenge sidan eg fekk han i armane mine for fyrste gong.....


Nora har bursdag i slutten av juli, så då blir det ei lita feiring igjen for ho.


Vimplane er kjøpt på salg på Kremmerhuset. 49, kr :)



Ein spent gutt som åpnar pakken frå mormor og morfar tidleg på morgenkvisten.


Slik var det i hagen, då vi hadde familieselskap i hagen. Eit dårlig bilde, men det var det einaste kamerat ville vere med på.


Barnebursdag blir etter ferien.

tysdag 19. juni 2012

slik er det no....


 ......på rommet til Nora.
Det er over eit år sidan ungane bytta rom.



Det var meri praktisk at Nora ligg i det innerste rommet.
Og da vart resultatet slik.


Den gamle skulepulten er fin å sitte å teikne ved. Den er malt i fargen Hjertevarm fra Nordsjø.


Rommet er ikkje stort, ca 6 kvm, så det skal bli ein stor og fin overgang å få eit rom på 15 kvm når vi flyttar inn i det nye huset vårt.



Kjøkkenkroken er populær.


Nora sitt rom sett i fra Lukas sitt rom.

torsdag 14. juni 2012

juvelen i stova....


 ....det er denne Tine-K urna som eg kjøpte for ei veke sidan. Eg fekk nokre pengar av mi snille mamma og då kjøpte eg denne urna som eg har ønska meg lenge!


Er den ikkje fin? Eg synes det er juvelen i stova vår akkurat no!
Eg har ei veke med ferie no, før eg skal ha tre veker til i juli.
Akkurat no har vi besøk av ei av systrene mine! Og det er sååå koselig!!

laurdag 9. juni 2012

den nymalte trappa vår.....


Etter å ha tenkt på det i eit heilt år, har eg endeleg fått malt trappa vår kvit. Vi er veldig fornøgde!
På veggane i trappa heng det ei heimesnekra tallerkenhylle og masse bilder av barna. Sommarfuglgilanderen har eg laga av dekorpapir og hamptråd.

God helg!

måndag 4. juni 2012

uteblomster i stova


Eit lite bilderas fra spiseplassen og stova......
Den er pynta med syriner og rhododenro som eg har fått av svigermor



Når vi flyttar inn i nytt hus neste sommar, skal eg i allefall plante syrinbusker. Dei er så vakre! Berre så synd at dei ikkje står så lenge når du tar dei inn i vasar. Rhododenroen held seg ei stund lenger.


 Eg har hatt arbeidshelg og har fri i dag. Ungane er i barnehagen og eg skal male loftstrappa kvit og sy eit 70-talls skjørt til lillesøstra mi:)


Ha ei fin veke! Håpar varmen kjem snart!

torsdag 26. april 2012

ein torsdags føremiddag








Barnetv med favorittkosedyret i armkroken. Kakao, ostesmørbrød og yoghurt til lunsj. Teikning og bretting av papirhatt og papirbåt. Og no mens veslejenta har seg ein kvil skal eg og storegutt spele brett spel.
Ha ein god torsdag!

torsdag 19. april 2012

små skjønne fuglar




Vi var heime på sunnmøre ein tur i påska og der fant eg desse herlege små fuglane frå Maileg. Eg syns dei er så søte:) Det er vel eigentleg påskepynt.....men eg likar å kalle dei for vårfuglar. Så no skal dei få henge ei stund på desse greinene her på spisebordet vårt.


I dag har vi oss ein kosedag her heime. Eg har fri fra jobb og ungane fri frå barnehagen. Vi skal snart ut i hagen ein tur å kose oss med sjokoladekake, nam, nam.


Sommarfuglane som heng i ei snor på veggen er heimelaga og veldig enkle å lage. Eg har brukt dekorpapir, hamptråd og trepærler.

God torsdag!

måndag 2. april 2012

påske for meg....


....er påskeferie, påskeegg, kvikklunsj, skiturar og familiekos. Men ein av dei største tinga i påska er for meg budskapet om håp, forsoning og tilgivelse. Eg trur på ein Gud som er grensesprengande og evigvarande god. Sjølv om verden kan vere full av uro og usikkerhet, fins det ein plass der hjarte mitt alltid kan finne kvile og fred. Ein slik fred kan ikkje forklarast, for den er meir grensesprengande enn noko ord kan klare å beskrive. Om eg kunne ønske meg ein ting i heile verden ville eg ønske at kvart einaste mennekse på jord kunne søke å finne denne freden. Fordi det gir ein evigvarande trygget som ingen ting ellers kan gi.


fredag 30. mars 2012

på mitt kjøkkenbord.....


.......står desse nydelege kvistane med små skjønne blomar. Svigermor kom med dei for ei veke sidan og dei står like fine enda. Eg er ikkje sikker på kva dei heiter, men fine er dei her dei står og vitnar om våren!


Sola skin og fuglane kvitrar ute. Det er så herleg:) 


"Dagen i dag er morgondagen du drøymde om i går....."

Gode ord på vegen:)


God helg!

tysdag 27. mars 2012

"ny" sofa


Viser nokre bilder av stova vår. Vi fekk "ny" sofa like over jul. Eg srkiv ny i hermeteik fordi den er kjøpt på Finn. For oss er den god som ny og kjempegod å sitte i. Det er ein sofa fra Bolia, som skal vere kjent for god kvalitet. Den var brukt i fem år åa vi kjøpte den, men vi synes den ser heilt ny ut. Vi er så fonøgde med både utsjånad og kvalitet.



Stova vart både lysare og trivlegare ettar at den svarte skinnsofaen forsvant. Var redd det ville vere upraktisk med tekstilsofa når ein har små ungar, men så lenge den ikkje er for lys går det heilt fint. Eg har tatt av trekka og vaska dei i maskina på ullprogram og det har godt kjempefint. Eg anbefaler derfor sofa fra Bolia på det varmaste:) Vi er kjempefornøgde:)

Puta med sommerfugel gjekk eg lenge og kikka på før eg kjøpte den. Eg er glad den kom i hus til slutt! Den er av merket DAY, Birger et Mikkelsen, Home
Dei andre putene samt lappeteppet er heimesydde.

måndag 26. mars 2012

ein undrande gutt.........


I går var det nydelg vårvær og og perfekt lys til fine bilder av ein undrande gutt.

måndag 19. mars 2012

forsiktig tilbake igjen..... og eit stort Jippi!!


Trudde ikkje eg skulle komme så kjapt tilbake igjen etter å ha takka for meg her i haust. Men eg har savna å blogge, så har bestemt meg for å begynne å blogge litt i ny og ne. Startar med dette bildet fra trappa. Det er så herleg med alle løkblomane som tittar fram no.

Og så til det store JIPPI`et:
Vi har endeleg fått beskjed om at vi kan få bygge, heile to år etter at vi søkte. Det har vert ein lang prosess som har enda med at vi ikkje får bygge der vi først hadde tenkt, men nokre meter lenger borte. Ein lang og komplisert sak som eigentleg berre bunnar ut i at områder som er regulert til landbruk skal bevarast for ein kvar pris, sjølv om Forsøksringen i kommuna har konkludert med at tomta ikkje er brukandes til landbruksområde..Grunnen til at vi får bygge nokre meter lenger borte er at det ikkje er regulert til landbruk, men industri. Sjølv om dette området faktisk er meir egna til landbruk. Forstå det den som kan...... Vi er i alle fall glade for at det endeleg skjer noko. Satsar på å komme i gang ein gang i løpet av våren.

måndag 12. mars 2012

mitt bidrag til Håndlaga 2012, kategori: Klær


 Her er mitt bidrag til kategorien:Klær, i Håndlaga 2012


Denne buksa blei sydd til tullemor for nokre veker sidan. Den er sydd i mjuk, gammalrosa velour.
Linnigen er sydd i babycordfløyel. Aplikerte blomster på framsida gjer den ekstra spesiell:)


Tvi,tvi:)

måndag 19. september 2011

hodefoting


Lukas har byrja å teikne dei mest sjarmerande skapningar, nemleg hodefotingar, som det visst nok heiter på fagspråket. Dei er så skjønne desse skapningane, med armar og bein som går rett utifra hovudet. Eg er heilt betatt! Han teiknar heile familien. og no prydar dei kjøleskapsdøra.  


Er dei ikkje skjønne vel? 


Vesle Nora likar også å teikne. Her kluassar ho over eit av mine "kunstverk":) Ho teinkar nok vel så mykje på bordet som på arket.