tysdag 5. juli 2011

å bruke tida si




Tida med borna går veldig fort, og eg ønsker å vere bevisst på korleis eg brukar tida mi. Tida eg har med borna er dyrebar for meg. Den kjem aldri att..... Er det noko eg ikkje ønsker å angre på når dei blir vaksne så er det at eg har brukt for lite tid saman med dei. Eg har valgt å ha Lukas i barnehage tre dager i veka for å få mykje tid saman med han. Det samme gjeld for Nora, når ho byrjar i barnehagen tre dagar i veka i november. Her i huset leikar vi rolleleikar, spelar spell, bakar, malar og tegnar, går tur og les bøker. Vi er rett og slett mykje saman. Den kjekkaste stunda trur eg vi har når det er leggetid. Då går det fort ein halv time til lesing, snakking, sang og kveldsbønn. Då snakkar vi om korleis dagen har vore. Eg er veldig bevisst på å fortelle borna at eg er glad i dei og at dei er viktige og betydningsfulle. For i mitt liv er borna verkeleg det mest verdifulle eg har!!

fredag 1. juli 2011

skatten





Like fra hun var født,
øste hun fra kilder med ømhet,
beskyttelsestrang og kampvilje
jeg ikke ante eksisterte i meg.
Jeg ønsket å endre verden over natten,
gjøre den til et tryggere, enklere,
bedre sted...

Micelle Guinness