måndag 19. september 2011

hodefoting


Lukas har byrja å teikne dei mest sjarmerande skapningar, nemleg hodefotingar, som det visst nok heiter på fagspråket. Dei er så skjønne desse skapningane, med armar og bein som går rett utifra hovudet. Eg er heilt betatt! Han teiknar heile familien. og no prydar dei kjøleskapsdøra.  


Er dei ikkje skjønne vel? 


Vesle Nora likar også å teikne. Her kluassar ho over eit av mine "kunstverk":) Ho teinkar nok vel så mykje på bordet som på arket.

fredag 16. september 2011

bli-glad-farge


Det er helg og sola skin frå knallblå himmel! Vi har vore på trilletur og plukka med oss knallgule blomar. Eg likar eigentleg ikkje så godt gult, men fargen på desse knallgule blomane gjer deg rett og slett berre glad etter fleire regntunge dagar. Håpar sola vil skine heile helga. I morgon blir det loppemarknad. Spanande! 

God helg!

onsdag 14. september 2011

ein roleg onsdags føremiddag


I dag er det ein roleg onsdagsførmiddag og eg har tenkt å gjere berre akkurat det eg har lyst til. Lukas er i barnehagen og Nora har seg ein kvil. Det er stille og roleg i huset og det er deilig. Då kan eg nyte scones frå i går og ein kopp med kakao - mens eg ser på ruskeværet ute. Eg lagde scones i går kveld til mannen og meg. Brukte Toro si Grove scones blanding. Syns dei var velig gode, også gjekk det godt ann å ete dei dagen etter. 

Tusen takk for koselege tilbakemeldingar på endringar i bloggen min!