fredag 30. mars 2012

på mitt kjøkkenbord.....


.......står desse nydelege kvistane med små skjønne blomar. Svigermor kom med dei for ei veke sidan og dei står like fine enda. Eg er ikkje sikker på kva dei heiter, men fine er dei her dei står og vitnar om våren!


Sola skin og fuglane kvitrar ute. Det er så herleg:) 


"Dagen i dag er morgondagen du drøymde om i går....."

Gode ord på vegen:)


God helg!

tysdag 27. mars 2012

"ny" sofa


Viser nokre bilder av stova vår. Vi fekk "ny" sofa like over jul. Eg srkiv ny i hermeteik fordi den er kjøpt på Finn. For oss er den god som ny og kjempegod å sitte i. Det er ein sofa fra Bolia, som skal vere kjent for god kvalitet. Den var brukt i fem år åa vi kjøpte den, men vi synes den ser heilt ny ut. Vi er så fonøgde med både utsjånad og kvalitet.



Stova vart både lysare og trivlegare ettar at den svarte skinnsofaen forsvant. Var redd det ville vere upraktisk med tekstilsofa når ein har små ungar, men så lenge den ikkje er for lys går det heilt fint. Eg har tatt av trekka og vaska dei i maskina på ullprogram og det har godt kjempefint. Eg anbefaler derfor sofa fra Bolia på det varmaste:) Vi er kjempefornøgde:)

Puta med sommerfugel gjekk eg lenge og kikka på før eg kjøpte den. Eg er glad den kom i hus til slutt! Den er av merket DAY, Birger et Mikkelsen, Home
Dei andre putene samt lappeteppet er heimesydde.

måndag 26. mars 2012

ein undrande gutt.........


I går var det nydelg vårvær og og perfekt lys til fine bilder av ein undrande gutt.

måndag 19. mars 2012

forsiktig tilbake igjen..... og eit stort Jippi!!


Trudde ikkje eg skulle komme så kjapt tilbake igjen etter å ha takka for meg her i haust. Men eg har savna å blogge, så har bestemt meg for å begynne å blogge litt i ny og ne. Startar med dette bildet fra trappa. Det er så herleg med alle løkblomane som tittar fram no.

Og så til det store JIPPI`et:
Vi har endeleg fått beskjed om at vi kan få bygge, heile to år etter at vi søkte. Det har vert ein lang prosess som har enda med at vi ikkje får bygge der vi først hadde tenkt, men nokre meter lenger borte. Ein lang og komplisert sak som eigentleg berre bunnar ut i at områder som er regulert til landbruk skal bevarast for ein kvar pris, sjølv om Forsøksringen i kommuna har konkludert med at tomta ikkje er brukandes til landbruksområde..Grunnen til at vi får bygge nokre meter lenger borte er at det ikkje er regulert til landbruk, men industri. Sjølv om dette området faktisk er meir egna til landbruk. Forstå det den som kan...... Vi er i alle fall glade for at det endeleg skjer noko. Satsar på å komme i gang ein gang i løpet av våren.

måndag 12. mars 2012

mitt bidrag til Håndlaga 2012, kategori: Klær


 Her er mitt bidrag til kategorien:Klær, i Håndlaga 2012


Denne buksa blei sydd til tullemor for nokre veker sidan. Den er sydd i mjuk, gammalrosa velour.
Linnigen er sydd i babycordfløyel. Aplikerte blomster på framsida gjer den ekstra spesiell:)


Tvi,tvi:)