torsdag 26. april 2012

ein torsdags føremiddag








Barnetv med favorittkosedyret i armkroken. Kakao, ostesmørbrød og yoghurt til lunsj. Teikning og bretting av papirhatt og papirbåt. Og no mens veslejenta har seg ein kvil skal eg og storegutt spele brett spel.
Ha ein god torsdag!

torsdag 19. april 2012

små skjønne fuglar




Vi var heime på sunnmøre ein tur i påska og der fant eg desse herlege små fuglane frå Maileg. Eg syns dei er så søte:) Det er vel eigentleg påskepynt.....men eg likar å kalle dei for vårfuglar. Så no skal dei få henge ei stund på desse greinene her på spisebordet vårt.


I dag har vi oss ein kosedag her heime. Eg har fri fra jobb og ungane fri frå barnehagen. Vi skal snart ut i hagen ein tur å kose oss med sjokoladekake, nam, nam.


Sommarfuglane som heng i ei snor på veggen er heimelaga og veldig enkle å lage. Eg har brukt dekorpapir, hamptråd og trepærler.

God torsdag!

måndag 2. april 2012

påske for meg....


....er påskeferie, påskeegg, kvikklunsj, skiturar og familiekos. Men ein av dei største tinga i påska er for meg budskapet om håp, forsoning og tilgivelse. Eg trur på ein Gud som er grensesprengande og evigvarande god. Sjølv om verden kan vere full av uro og usikkerhet, fins det ein plass der hjarte mitt alltid kan finne kvile og fred. Ein slik fred kan ikkje forklarast, for den er meir grensesprengande enn noko ord kan klare å beskrive. Om eg kunne ønske meg ein ting i heile verden ville eg ønske at kvart einaste mennekse på jord kunne søke å finne denne freden. Fordi det gir ein evigvarande trygget som ingen ting ellers kan gi.