tysdag 19. juni 2012

slik er det no....


 ......på rommet til Nora.
Det er over eit år sidan ungane bytta rom.



Det var meri praktisk at Nora ligg i det innerste rommet.
Og da vart resultatet slik.


Den gamle skulepulten er fin å sitte å teikne ved. Den er malt i fargen Hjertevarm fra Nordsjø.


Rommet er ikkje stort, ca 6 kvm, så det skal bli ein stor og fin overgang å få eit rom på 15 kvm når vi flyttar inn i det nye huset vårt.



Kjøkkenkroken er populær.


Nora sitt rom sett i fra Lukas sitt rom.

torsdag 14. juni 2012

juvelen i stova....


 ....det er denne Tine-K urna som eg kjøpte for ei veke sidan. Eg fekk nokre pengar av mi snille mamma og då kjøpte eg denne urna som eg har ønska meg lenge!


Er den ikkje fin? Eg synes det er juvelen i stova vår akkurat no!
Eg har ei veke med ferie no, før eg skal ha tre veker til i juli.
Akkurat no har vi besøk av ei av systrene mine! Og det er sååå koselig!!

laurdag 9. juni 2012

den nymalte trappa vår.....


Etter å ha tenkt på det i eit heilt år, har eg endeleg fått malt trappa vår kvit. Vi er veldig fornøgde!
På veggane i trappa heng det ei heimesnekra tallerkenhylle og masse bilder av barna. Sommarfuglgilanderen har eg laga av dekorpapir og hamptråd.

God helg!

måndag 4. juni 2012

uteblomster i stova


Eit lite bilderas fra spiseplassen og stova......
Den er pynta med syriner og rhododenro som eg har fått av svigermor



Når vi flyttar inn i nytt hus neste sommar, skal eg i allefall plante syrinbusker. Dei er så vakre! Berre så synd at dei ikkje står så lenge når du tar dei inn i vasar. Rhododenroen held seg ei stund lenger.


 Eg har hatt arbeidshelg og har fri i dag. Ungane er i barnehagen og eg skal male loftstrappa kvit og sy eit 70-talls skjørt til lillesøstra mi:)


Ha ei fin veke! Håpar varmen kjem snart!